Skip to main content
x

Havbruk og sjømat (sivilingeniør) (Master in Aquaculture and Seafood )

Type
Master (ISCED 2011 level 7)
Language

Norwegian Bokmål

Duration 10 semesters
Cost no tuition fees

Noreg er på veg mot eit grønt skifte, og treng ei ny næring innan fornybare ressursar. Med ei av verdas lengste kystlinjer og allereie høg teknologisk kompetanse og verdsleiande teknologi, har Noreg eit stort konkurransefortrinn innan havbruk på verdsbasis.  

Aktuelle spørsmål i vårt fag:  

  • Korleis kan næringa utviklast med minst mogleg belastning på økosystemet? 
  • Korleis fungerer samspelet mellom biologi og teknologi? 
  • Kva for teknologiske løysingar ser ein for seg framover for lukka system og resirkulering?  

Sentralt i studieprogrammet står biologien til artane i havbruk. Du får eit heilskapleg perspektiv med innsikt i avlsarbeid, fiskehelse, havbruksteknologi, optimalisering av produksjonsprosessen, kvaliteten på produktet, foredling og mikrobiologi.  

Studiet gir deg òg kunnskap om økonomi og leiing, jus, sal og marknadsføring, ulike kulturar og kommunikasjon relevant for havbruks- og sjømatnæringa. 

Dette er ein av Noregs sterkast veksande arbeidsmarknadar. For å sikre ei god utvikling treng næringa folk med kompetanse innan havbruk og sjømat. Dette studieprogrammet er skreddarsydd for næringa i samarbeid med næringa sjølv. Du kan derfor vere trygg på at kompetansen din vil vere både relevant og etterspurd. 

Studiekvardagen

Sivilingeniørstudiet Havbruk og Sjømat ved UiB høyrer til ved Institutt for biovitskap. Fagmiljøet er stort sett samla på Marineholmen, og du vil tilbringe tid på Realfagbygget på Nygårdshøgda. Du kan nytte deg av alle opne lesesalsplassar ved Det matematisk- naturvitskapeleg fakultet. Det er mellom anna ei flott, nyoppussa lesesal du kan nytte deg av på Marineholmen. På Masternivå får du eigen plass på Høgteknologisenteret eller Biologen.  

Utdanninga er eit integrert masterprogram. Dette betyr at du ikkje tar bachelorgrad, men går fem år og får ein kombinert master- og sivilingeniørgrad. Det integrerte masterstudiet er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. 

Undervisninga består av:  

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper 
  • Laboratorium og praktiske øvingar 
  • Sjølvstudium  
  • Feltkurs 
  • Praksis 
  • Masteroppgåve 

Du kan reise på feltarbeid for å samle inn data som ein del av praksisemne og masteroppgåva. Du får innafor ei grense dekt utgiftene knytt til reise i samband med masteroppgåva.  

Dette studiet passar for deg som har genuin interesse for biologi og fisk. Du må like struktur, og klare fristar og intensive dagar med obligatorisk aktivitet. Undervisninga går på norsk, men litteraturen kan være på både norsk og engelsk.  

Du skal ha praksis fleire gonger i løpet av studiet. I praksisemna reiser dei fleste til anlegg i Noreg, eller du kan reise utanlands, til dømes til Færøyane. Praksisplassen finn du sjølv, eller du kan få hjelp til det. Institutt for biovitskap er partner i Sjømatklyngen med base i Bergen, og tilbyr praksisplassar i samarbeid med medlemmane i klynga. 

Masteroppgåve 

Dei to siste semestera skal du skrive ei masteroppgåve. Du vel fritt kva tema du ønsker å skrive om. Du kan velje å samarbeide med eller hos bedrifter i både inn- og utland. Arbeidet med oppgåva, samt kurs og praksis, gir deg djup innsikt i fagområdet sin vitskaplege teori og metode, og denne erfaringa og kunnskapen vil gjere deg i stand til i neste omgang å bruke kunnskapen og analysere problemstillingar på nye områder i havbruks- og sjømatnæringa. 

Structural components
Thesis/Dissertation
Internship/Workplace experience
Laboratory training
Practical/Field work
Research Project

ISCED Categories

Biology
Biotechnology
Toxicology
Ecology
Aquaculture
Fisheries