Skip to main content
x

Quarternary Sea-Level Changes

Language

Norwegian Bokmål

Course format On-site
Date 2020-08-24 - 2020-12-01

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje ei djupare forståing av dei store og raske havnivåendringane som har prega Kvartærtida og dei viktigaste prosessane som fører til slike endringar både globalt og lokalt, heilt fram til vår eiga tid. Dette omfattar også kunnskap om metodane som vert nytta i slike studiar og koplinga til klimaendringane og framveksten og tilbakesmeltinga av dei store isbredekka.

Innhald:

Emnet tar opp tema som eustasi og isostasi samt oseanografiske, klimatiske og andre faktorar som har vore med å styra havnivåendringane gjennom Kvartærtida. Det vil bli gjeve ei teoretisk og praktisk innføring i studium av endringane som har funne stad i tidlegare tider like frem til vår eiga tid og årsakene til desse. Regionalt vært hovudvekta lagt på Skandinavia, men metodar og resultat frå andre deler av jorda vil og bli gjennomgått. Det inngår øvingar i felt (boring og prøvetaking) for å lære "isolasjonsmetoden" med sikte på å bestemme høgd og alder av tidlegare havnivå.

Learning outcomes

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • gjer greie for dei viktigaste prosessane som verker inn på havnivået, inkludert isostasi, eustasi, geoide-deformasjon, temperatur- og salinitespåverknad
  • gjer greie for samanhengen mellom klima, brevariasjonar og havnivå
  • gjer greie for dei viktigaste metodane som blir nytta til å studere havnivåendringar i ulike deler av verda, med fokus på dei geologiske arkiva

Ferdigheiter

Studenten

  • skisserer og analyserer gangen i dei kvartære havnivåendringane som har funne stad i ulike deler av jordkloden
  • vurderer og diskuterer årsakene til dei store regionale skilnadene i havnivåendring som ein har observert
  • utforskar og tolkar geologiske arkiv, inkludert sedimentsekvensar i innsjøbasseng, som vert nytta til å rekonstruera havnivåendringar som har skjedd i tidligare tider

Generell kompetanse

Studenten

  • har god innsikt i teoriar, problemstillingar, metodar og årsakssamanhengar som er knytt til havnivåendringar i fortid, notid og framtid
  • kan formidle munnleg og skriftleg sentralt fagstoff omkring havnivåendringar gjennom kvartærtida
  • kan planlegge og gjennomføre geologiske granskingar for å få ny kunnskap om strandforskyvinga langs kysten av Noreg (til dømes eit mastergrad-prosjekt)

Prerequisites

GEOV101, GEOV102

Tilrådde forkunnskapar

GEOV110

ISCED Categories